Velkommen som søkjar til læreplass gjennom Handalag Opplæringskontor!
Dette opplæringskontoret har ikkje søknadsfrist, og du kan søkja om læreplass heile året. Dersom du ønskjer å søkja eit lærefag som ikkje står på lista, ta kontakt med oss, for å få informasjon om det finst moglegheiter. Handalag Opplæringskontor arbeider kontinuerleg for å utvida med nye lærefag og nye lærebedrifter. Kontoret har medlemsbedrifter i Kvam, Jondal, Fusa og Os.
Dersom du ikkje har søkt gjennom Vigo det siste året, hugs å leggja ved vitnemål eller karakterutskrift for alle år ved vidaregåande skule. Dersom du har attestar, legg også desse ved.
Ta kontakt med oss dersom det går lang tid før du får respons på søknaden.
Med venleg helsing
Tone og Svanhild på Handalag Opplæringskontor
Tlf. 56 55 38 80
Epsot: post@handalag.no